Veldig
mykje spennende å oppdage frå ein båt på Seljordsvatnet. Me kom mellom anna
over en del av kunstprosjektet Into the Landscape i Vebekdalen.
Into the Landscape
International
workshop 25th of September to 4th of October with Sami Rintala and Dagur
Eggertsson.
Resultatet er tre treinstallasjonar
bygd på lokale soger og landskapet dei står i, i 1:1.
32 studentar frå Master
of Landscape Design of Politecnico di Milano, the Master of Interior Design of
NABA og 6 scenografistudentar frå scenekunstakademiet i Fredikstad, Høgskulen i
Østfold kom til Seljord 24.09.09 for å vera med på workshopen ”Into the
Landscape”. Studentane budde i campinghytter på Bjørgesanden ved
Seljordsvatnet. Det var óg med 4 professorar frå Milano.
Studentane fekk
innføring i kulturbasert stadutvikling, prosjektet Seljord og sogene, soga om
Sjøormen, arkitektur, design og kunst knytt til installasjon i landskapet.
Studentane var på synfaring på dei tre stadane, dei teikna og designa og bygde
installasjonane. Alt skjedde på 10 dagar. Vi hadde tre byggeplassar med
aggregat, verktøy, bålplass og anna som ein måtte ha for å kunne jobbe ute
heile dagen.
Det var 40 svært nøgde studentar som reiste frå Seljord, og
omkvedet var at dette hadde vore ”once in a lifetime experience”. Dei hadde
ikkje vore med på maken og rekna ikkje med å få oppleva noko liknande.
Saunae I Vebekdalen
Dette er ei liti vik med strand i
Vebekkdalen på Garvikstrondi. Ein av dei gamle vegsløyfene her ute dannar i dag
ei avkøyring der RenoVest sin container for hytteavfall står plassert.
Grunneigar på staden er Borghild Telnes.
I utgangspunktet var dette det
punktet vi trudde skulle vera vanskelegast å få gjort noko spennande ut av. Men
slik det ser ut nå ligg dette an til å bli ein attraksjon! Studentane under
leiing av Sami Rintala (som det må nemnast er finsk...) har bygd ein vakker
røyksauna! Ein treplatting er plassert innimellom trea ned mot vatnet. I den
eine delen av konstruksjonen er der laga eit magasin av steinar for fyring.
Omkring dette er det bygd veggar som eit lite rom med sittebenkar omkring.
Dette rommet kan stengast av og låsast om ein ynskjer det. Resten av plattingen
er open og blir ein stad folk kan gå ut på, sitje ned og sjå utover vatnet. Frå
parkeringsplassen vert det bygd ei gangbru som også gjev rullestolbrukarar
tilgang til plattingen. Heile konstruksjonen er løfta opp frå terreng for gå
klar av normale flaumar. Tilgangen til vatnet vert løyst med sittetrinn på 50
cm ned til vatnet. Materialane som er nytta i ”saunaen” er tre. Gruva er bygd i
stein og betong. Sami Rintala, Dagur Eggertson og Jan Feste har fylgd opp
byggearbeida.
Les meir om prosjektet her
Les meir om prosjektet her
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar