Bruserud
ligg idyllisk til med Bøelva bare 200 meter frå gardshuset. Her er det
svært godt ørrettfiske og svaberg ein sole seg på og bade ifrå. Gjestene
kan plukke nypoteter og sanke urter til grillmaten. Bruserud i mot gjester i tida 15. juni - 15.august. Den tidligare kårboligen på garden er om lag 90 m2 og inneheld to soverom, stove, kjøkken og bad med varmekablar. Huset er utstyrt med oppvaskmaskin, vaskemaskin, kjøleskåp, frysar, og fjernsyn. Det er og tilgang til trådlaust internett i huset. Huset er omkransa av eit stort, flatt tun med rikelig tumleplass. Her er det urte- og grønsakshage, potetåker og jordbær. Det er høner i uthuset som går ute om sommaren. Sauer og lam som likar folk, kaniner og pus. 200 meter frå huset ligg Bøelva. Her er det ein flott badeplass som høyrer garden til, og eit stryk der ein kan få seg eit ekte boblebad. Det er til tider svært godt ørretfiske i Bø-elva. Her kan ein fiske med både flue, makk og spinner. I dei seine sommarkveldane kan ein sitte ved vatnet og grille og kose seg.
Det er og høve til å låne kanoen og padle seg ein tur på
elva. Bøelva er kjend for mykje bever, i løpet av ein padletur kan ein
gjerne sjå over ti av dei.
![]() Nytt av året er ein vedfyrt stamp som gjestene kan leie. Her kan ein sitte i varmt vatn med noko godt i glaset utover dei lange sommarkveldene. Bruserud ligg berre 3,5 km frå Bø sentrum. Det tar ti minuttar å sykle til Gullbring kulturanlegg, butikkar og restaurantar. Les om Bruserud gard her, på gardsturisme.no |
Om
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar