onsdag 20. mai 2015

Kom sommar!



Tida flyr og allereie er me komne til slutten av mai. Då er det ikkje lenge før sommaren er her, men det gjer ingen ting for no er omtrent klare. Potetene er i jorda, lamma er komne. Kyllingar sprett fram både her og der og drivhuset set fart på tomatar, agurkar, krydderurter og prydvekstar. 

Så me er klare, kom sommar!

Telemarkskanalen

Om ein skal bruke nokre dagar i Telemark i sommar er ein båttur på Telemarkskanalen verkeleg noko med historisk sus over seg. Riktig nok er det få som brukar kanalbåtane til å frakte bjørn no fortida, men det er mykje anna spennande å sjå på både i og utanfor båten.

Tekst henta frå NRKSkole: «I hundrevis av år har telemarkingene benyttet vannveien til å frakte varer og til å reise. Det vi i dag kaller Telemarkskanalen består egentlig av to kanaler: Norsjø-Skienkanalen og Bandak-Norsjøkanalen. Norsjø-Skienkanalen stod ferdig i 1861. Da gikk det an å seile fra Notodden til Skien og videre helt ut til havet. I 1892 var Bandak-Norsjøkanalen ferdig bygget. Tømmer, brynestein og passasjerer kunne da bli fraktet fra Dalen til Skien og videre ut i verden, mye enklere og raskere enn før. Her ser du ferdsel langs kanalen i 1950-årene og eldre filminnslag fra den gang dampbåter ble brukt.»