tirsdag 3. september 2013

Into the Landscape i Vebekdalen


Veldig mykje spennende å oppdage frå ein båt på Seljordsvatnet. Me kom mellom anna over en del av kunstprosjektet Into the Landscape i Vebekdalen.


Into the Landscape

International workshop 25th of September to 4th of October with Sami Rintala and Dagur Eggertsson.

Resultatet er tre treinstallasjonar bygd på lokale soger og landskapet dei står i, i 1:1.

32 studentar frå Master of Landscape Design of Politecnico di Milano, the Master of Interior Design of NABA og 6 scenografistudentar frå scenekunstakademiet i Fredikstad, Høgskulen i Østfold kom til Seljord 24.09.09 for å vera med på workshopen ”Into the Landscape”. Studentane budde i campinghytter på Bjørgesanden ved Seljordsvatnet. Det var óg med 4 professorar frå Milano.

Studentane fekk innføring i kulturbasert stadutvikling, prosjektet Seljord og sogene, soga om Sjøormen, arkitektur, design og kunst knytt til installasjon i landskapet. Studentane var på synfaring på dei tre stadane, dei teikna og designa og bygde installasjonane. Alt skjedde på 10 dagar. Vi hadde tre byggeplassar med aggregat, verktøy, bålplass og anna som ein måtte ha for å kunne jobbe ute heile dagen.

Det var 40 svært nøgde studentar som reiste frå Seljord, og omkvedet var at dette hadde vore ”once in a lifetime experience”. Dei hadde ikkje vore med på maken og rekna ikkje med å få oppleva noko liknande.

Saunae I Vebekdalen

Dette er ei liti vik med strand i Vebekkdalen på Garvikstrondi. Ein av dei gamle vegsløyfene her ute dannar i dag ei avkøyring der RenoVest sin container for hytteavfall står plassert. Grunneigar på staden er Borghild Telnes.

I utgangspunktet var dette det punktet vi trudde skulle vera vanskelegast å få gjort noko spennande ut av. Men slik det ser ut nå ligg dette an til å bli ein attraksjon! Studentane under leiing av Sami Rintala (som det må nemnast er finsk...) har bygd ein vakker røyksauna! Ein treplatting er plassert innimellom trea ned mot vatnet. I den eine delen av konstruksjonen er der laga eit magasin av steinar for fyring. Omkring dette er det bygd veggar som eit lite rom med sittebenkar omkring. Dette rommet kan stengast av og låsast om ein ynskjer det. Resten av plattingen er open og blir ein stad folk kan gå ut på, sitje ned og sjå utover vatnet. Frå parkeringsplassen vert det bygd ei gangbru som også gjev rullestolbrukarar tilgang til plattingen. Heile konstruksjonen er løfta opp frå terreng for gå klar av normale flaumar. Tilgangen til vatnet vert løyst med sittetrinn på 50 cm ned til vatnet. Materialane som er nytta i ”saunaen” er tre. Gruva er bygd i stein og betong. Sami Rintala, Dagur Eggertson og Jan Feste har fylgd opp byggearbeida.

Les meir om prosjektet her