fredag 13. mai 2016

Årets koppelam

Våren på Bruserud

Det er lenge sidan advent og vintermorro, men det betyr ikkje at det ikkje har skjedd ting på Bruserud dei siste månadene. 

Våren er snarare den tida da alt skjer på ein gong, og særleg april var prega av lite svevn og mange turar ned til det vesle sauehuset vårt ved elva. Det var seine kveldar og nattevåk og tidlege morgonar for å sjekke teikn på fødslar, følgje opp lam som ikkje ville drikke, og søyer som ikkje ville amme. Og akkurat då ein er så trøtt at ein knapt orker å stabbe seg opp til si eiga seng, oppdagar ein att ein ny fødsel er i gong.

Tidleg morgon i sauehuset


Ein liten tass får litt av Guro sin varme. Denne vart etterkvart eit av våre tre koppelam.
Men alt dette er så verdt det, når ein etterkvert får det heile litt på avstand og plutseleg tar seg i å tenke på kor fin månen stod over låvetaket den natta. Eller kor koselege lydane av dei romsterande dyra er i mørket. Kor godt det er å sjå lamme drikke mjølk for fyrste gong og for ei velsigna lukke det er når nok ein fødsel endar godt.

Fullmåne over Bruserud

13 velskapte og nydeleg livlege lam kom til oss på Bruserud denne våren og då kan me ønskjer sommaren, nye og gamle gjester velkomne til nok ein gardssommar på Bruserud.