fredag 13. mai 2016
Våren på Bruserud
Det er lenge sidan advent og vintermorro, men det betyr ikkje at det ikkje har skjedd ting på Bruserud dei siste
månadene.
Våren er snarare den tida da alt skjer på ein gong, og særleg april
var prega av lite svevn og mange turar ned til det vesle sauehuset vårt ved
elva. Det var seine kveldar og nattevåk og tidlege morgonar for å sjekke teikn
på fødslar, følgje opp lam som ikkje ville drikke, og søyer som ikkje ville
amme. Og akkurat då ein er så trøtt at ein knapt orker å stabbe seg opp til si
eiga seng, oppdagar ein att ein ny fødsel er i gong.
Tidleg morgon i sauehuset |
Ein liten tass får litt av Guro sin varme. Denne vart etterkvart eit av våre tre koppelam. |
Men alt dette er så verdt det, når ein
etterkvert får det heile litt på avstand og plutseleg tar seg i å tenke på kor
fin månen stod over låvetaket den natta. Eller kor koselege lydane av dei
romsterande dyra er i mørket. Kor godt det er å sjå lamme drikke mjølk for
fyrste gong og for ei velsigna lukke det er når nok ein fødsel endar godt.
Fullmåne over Bruserud |
13 velskapte og nydeleg livlege lam kom til oss på Bruserud denne våren og då kan me ønskjer sommaren, nye og gamle gjester velkomne til nok ein gardssommar på Bruserud.
onsdag 2. desember 2015
Advents moro
Eg har nett kjøpt nissedør og div. frå Bæklund Design, du finn det her: BÆKLUND DESIGN. Gler meg til å få pakka i posten, lime døra på veggen i ein krok i stua og starte tøyset. Trur minstemann kjem til å leve seg heilt inn i denne historia.
God adventstid!
Pus i hus
Hive seg i bilen, dra med seg et par
unger. Nokre tissepauser, fylle bensin, ta ut penger, kjøpe bananer og så gasse
på ned til Larvik. Fekk plutselig beskjed om at katteeigaren hadde det travelt,
så da mått me berre komme oss avgarde for å hente pusen, Fifi. Men så var ho
her, ei lita gaupe, født 1. oktober, det skal me hugse.
mandag 30. november 2015
Stor pus!
Hahah, Main coon kattunge. Tanken vår å
skaffe seg ein søt liten kattunge før jula. Halvt Main coon stod det i Finnannonsa,
men eg reflekterte ikkje noko meir over det før eg i går kveld surfa litt og
las litt om rasen.. Verdens største tamkattkase!! Hankatten kan bli opp til
10!!! kilo. Wææh!
I dag er dagen små og store har venta på.
Utpå ettermiddagen skal me reise og hente katten. Heldigvis ønskja me oss ei
hokatt, og denne skal ikkje bli fult så stor som hannkatten. Ho ser dessutan
litt mildare ut i ansiktet, det blir spennande å sjå om ho ser lik ut i røynda.
Me gler oss framleis, men med litt meir skrekkblanda fryd no.
De skal få sjå bilde i kveld;-)
Bilder frå Finn-annonsa, november 2015 |
søndag 29. november 2015
Kakemenn og andre typer
Berre to dagar att til me skal hente
pus!!! Me kortar med ventetida med litt førjulsbaking. I helga var det kakemenn
som stod for tur. Guri land så mange kakeformer ein får etter nokre år der ein
har gløymt ut kor ein lagra dei. Men det gjer at utvalet er stort når ein
etterkvert får samla alle saman. Kakemenn er super enkelt å lage, men osar
av jul likevel:
Oppskrift på kakemenn
Smelt 200 g smør og bland med 4 dl H-mjølk. Ha i 6 dl sukker og 2 ts hornsalt. Rør til slutt i 2 liter kveitemjøl, ha i halvparten av mjølet fyrst og ha så i resten når deigen er klumpfri.
La deigen stå kaldt i nokre timar før du
kjevlar ut og lar ungene trykke ut kakefigurer.
Steik på 175 grader i 10 min.
Kos dykk!
torsdag 26. november 2015
Ny pus
Me skal få oss pus, ein til. Heile huset gleder seg. Me håpar det gjeld vår gamle, gode 11 årige Pus også. Tanken er at denne skal få ein ven og alliert som ho kan jakte det aukande talet mus saman med. No lev musene førebels eit festliv i forautomaten inne hjå hønene. Det er på tide å slå litt tilbake med ein frisk og energisk liten katt som vil vere akkurat passe stor når våren og nye musungekull kjem.
Det er klart at me også syns det er litt stas og ekstra kos med kattunge desse inne-kveldane som ligg fram føre oss no. Jula er heimetid, og nyttår også. Så da passer det godt at me innfører denne nye familiemedlemen desse dagane som me likevel har god tid.
Me gler oss! Kos dykk med den nydelege novemberdagen.
Abonner på:
Innlegg (Atom)