onsdag 20. mai 2015
Telemarkskanalen
Om ein skal bruke nokre dagar i Telemark i sommar er ein båttur på Telemarkskanalen verkeleg noko med historisk sus over seg. Riktig nok er det få som brukar kanalbåtane til å frakte bjørn no fortida, men det er mykje anna spennande å sjå på både i og utanfor båten.
Tekst henta frå NRKSkole: «I hundrevis av år har telemarkingene benyttet vannveien til å frakte varer og til å reise. Det vi i dag kaller Telemarkskanalen består egentlig av to kanaler: Norsjø-Skienkanalen og Bandak-Norsjøkanalen.
Norsjø-Skienkanalen stod ferdig i 1861. Da gikk det an å seile fra Notodden til Skien og videre helt ut til havet. I 1892 var Bandak-Norsjøkanalen ferdig bygget. Tømmer, brynestein og passasjerer kunne da bli fraktet fra Dalen til Skien og videre ut i verden, mye enklere og raskere enn før.
Her ser du ferdsel langs kanalen i 1950-årene og eldre filminnslag fra den gang dampbåter ble brukt.»
tirsdag 1. juli 2014
mandag 30. juni 2014
Ved Telemarkskanalen
Langs Telemarkskanalen fins det mange
perler, ei av desse er Vrangfoss sluser. Det er det største og flottaste av sluseanlegga i Telemarkskanalen og då me
var ved slusene fekk me sjå slusing av båtane Victoria og Telemarken.
Litt om Vrangfoss sluser
Det består av fem løftekammer med ei samla
løftehøgde på 23 m. Før kanaliseringa gjekk Vrangfoss innpå to km med eit fall
på 25 meter gjennom eit trongt fjellskar med høge utoverhengande sider. Anleggsarbeidet
ved Vrangfoss frå 1887 til 1892 var svært omfattande: To kilometer stryk, djupt
nede i kløfter og skar vart regulert til ein dam
og ein kanal.
Den gamle nåledammen
vart erstatta av ny betongdemning i 1962. Demninga,
som er 32 m høg og 21 m tjukk, demte opp vassdraget til Lunde med eit par meter.
Vasskraftene blir utnytta i kraftverket ved Vrangfoss. Før kanalen sto ferdig
var Vrangfoss sjølve flaskehalsen i tømmerfløtinga på vassdraget. Det het seg
at tømmeret kunne bli liggande i Vrangfoss i fleire år, at det ofte ikkje lyktas
å få laus alt det gamle tømmeret før det kom nytt, og at opptil 14 mann var
sysselsatt året rundt med å få tømmervasane laus. Gnissingane i tømmerhaugane
kunne til og med føre til at det gikk varmgang i tømmeret så det tok fyr.
Les meir om slusene i telemarkskanalen
her: http://www.telemarkskanalen.no/nor/Kanalen/Bildegalleri/Bilder-film/Vrangfoss-sluser
Me fekk også prøve bacalao på restaurant
Slusemesteren i svært sjarmerande omgivnader. http://www.slusemesteren.no
Vidare kjørte me til Ulefoss og medan me
smakte på isen ved Ulefoss sluser fekk me sjå att Victoria og Telemarken som
vart slusa ned til Nordsjø: http://www.skiensvassdraget.no/tur-fra-ulefoss-sluser-til-vrangfoss-sluser
mandag 2. juni 2014
No ventar me berre..
I kaninburet førebur kaninen eit lunt reir til små, nakne kropper, no er det berre ei veke til ungene kjem. Egga i rugemaskinen vil byrje å pipe midt i juni. Gullerøter, redikk, tomat, squash, salat, persille og basilikum m.m. godgjer seg i solvarm jord. Me har allerede fått kjenne på sommar og badevatn i elva. No manglar berre turistar i gamlehuset, så kan sommaren byrje.
mandag 5. mai 2014
Nokre veit å nyte dagane..
Det er gode dagar. Frå dei fire sauene me har fora på i vinter kom det sju nye og velskapte lam. Desse nyt den varmande vårsola og det friske graset nede ved elvebeite. Fleire av lamma er nysgjerrige og kjælne, særleg denne som er på bilde. Ho legg gjerne hovudet i fanget ditt og nærmast loggrar når du stryk handa over den krøllete og mjuke ulla.
mandag 21. april 2014
Vårens fyrste lam
I natt kom det fyrste lammet til Bruserud og det var vår gamle og gode sau Hopp som vart mor. Sjølv om det berre vart eit lam er det til gjengjeld friskt og stort. Me ventar i spenning på fleire lam dei kommande dagane.
mandag 24. mars 2014
Våren på Bruserud
Me gjer klart plassen vår for ein ny sommar på
Bruserud. Allereie er me booka for ein månad med gjester frå inn- og utland.
Det teiknar til å blir ein verkeleg knallsommar og aldri har me vore meir førebudd
og spente på sesongen med gardsturisme. Velkomne skal de vera både
tidlegare og nye turistar. I tillegg ønskjer me gode og gamle vener, samt familie
hjarteleg velkomne. De er alltid godt å fylle huset med fine folk!
Som Haldis Moren Vesaas seier det:
Og den som er rik vil ha seg
eit hus som er
såleis bygt at alle som høyrer til huset
kjenner det godt og trygt, og
såleis at framande gjerne
kjem innom dørene der og auker den rikdom som finst
der før med alt det dei sjølve er.
Ha ein fin vår så lenge!
Abonner på:
Innlegg (Atom)


