onsdag 2. desember 2015

Advents moro



Tjohoo! Ei venninne tipsa meg om ein veldig søt juletradisjon frå Danmark. Dei har noko dei kallar lurenissen/ tøysenissen som flyttar inn i heimen i advendtsdagane. Han lurer og finn på tull med barna, t.d. fargar mjølka rosa (konditorfarge), pakkar inn pysjamasen til ungene i gåvepapir og liknande. 

Eg har nett kjøpt nissedør og div. frå Bæklund Design, du finn det her: BÆKLUND DESIGN. Gler meg til å få pakka i posten, lime døra på veggen i ein krok i stua og starte tøyset. Trur minstemann kjem til å leve seg heilt inn i denne historia.
 
God adventstid!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar